FolkOrg si stønadsordning til særskilde rekrutteringstiltak i spel- og dansarlag, har søknadsfrist 20. mai.

Den totale stønadspotten for ordninga er kr. 100 000,-

Kven kan søkje?
Lokal- og områdelag som er medlem i FolkOrg, eller andre som arbeider aktivt for rekruttering til laga.

NB! Det kan ikkje søkjast stønad til prosjekt som er avslutta.

Søknadsfrist: 20. mai

Rapport skal sendast inn når tiltaket er avslutta, seinast 1. mai 2019. For dei som fekk stønad i 2017 skal rapporten sendast inn innan 1. mai 2018.
Rapporten skal kort omtala:

  • Korleis tiltaket vart gjennomført
  • Resultatet av tiltaket

Har du spørsmål? Ta kontakt med Øyvind Sandum, oyvind@folkorg.no, tlf: 957 74 037

 

Kjøp straum hos SVORKA og støtt FolkOrg si stønadsordning for rekruttering.

Styret i FolkOrg ønskjer å styrke stønadsordninga for rekruttering til lokallaga. Som del av arbeidet med medlemsfordelar, har FolkOrg gått inn i ei gunstig straumavtale med straumleverandøren SVORKA. FolkOrg vil i tillegg til god pris til sine medlemmar, få prosentar på inntekta frå FolkOrg-medlemmar som teiknar straumavtale. Denne inntekta har styret i FolkOrg vedteke skal gå til FolkOrg si stønadsordning for rekruttering. FolkOrg håpar no å auke potten ved at mange medlemmar går over til SVORKA som straumleverandør.

Les meir om straum hos SVORKA som medlemsfordel, og bestill straum her

Søk rekrutteringsstønad frå FolkOrg - 2018

Søknadsrunde 2018
    Vi treng å behalde søkjars kontaktinformasjon så lenge rektutteringsprosjektet varar. Vi har denne informasjonen lagra i vårt system, vi deler ikkje denne kontaktinformasjonen med nokon. Dersom du ikkje ønskjer at kontaktinformasjon vert lagra så ta kontakt med Øyvind Sandum i FolkOrg.
  • Beskriv gjerne med særskilt fokus på korleis det vil fremje rekruttering til lokallaga i FolkOrg. Hugs å send med budsjett.
  • Budsjett for prosjektet