FolkOrg si stønadsordning for rekrutteringstiltak er no fordelt. Stønadsordninga hadde totalt kr. 50 000 til fordeling og FolkOrg fekk inn 20 søknadar.

Stønadsordninga er retta mot særskilde tiltak som vil fremme rekruttering i lokallaga i FolkOrg. Søkjarar kan vere lokal- og områdelag som er medlem i FolkOrg, eller andre som arbeider aktivt for rekruttering til laga.

Prosjekta som får støtte i 2015 er desse:

  • Voss Spelemannslag – 8 000,-
  • Folkemusikkscena Røros – 8 000,-
  • Sogn og Fjordane Folkemusikklag – 8 000,-
  • Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet – 5 000,-
  • Telemark folkemusikklag/ UngFolk – 8 000,-
  • Valdres folkemusikkarrangement – 8 000,-
  • Kalottspel – 5 000,-

Kjøp straum frå SVORKA og støtt rekrutteringsstønadsordninga i FolkOrg

Alle 20 søknadane er gode og viktige rekrutteringstiltak, og det er tydeleg behov for ei større støtteordning retta mot rekruttering til laga i FolkOrg. Som del av arbeidet med medlemsfordelar, har FolkOrg gått inn i ei gunstig straumavtale med straumleverandøren SVORKA. I tillegg til god pris til sine medlemmar, får FolkOrg prosentar på inntekta frå FolkOrg-medlemmane som teiknar strømavtale. Denne inntekta har styret i FolkOrg vedteke skal gå til FolkOrg si rekrutterings-støtteordning. FolkOrg oppfordrar derfor medlemmane sine til å støtte rekrutteringa i spel- og dansarlaga gjennom å kjøpe straum hos SVORKA.

Les meir om straum hos SVORKA som medlemsfordel, og bestill straum her

Rapport

Dei som får tilskot skal senda ein enkel rapport til marit@folkorg.no når tiltaket er avslutta, og seinast 1. mai 2016. Rapporten skal kort omtala korleis tiltaket vart gjennomført og resultatet av tiltaket.