Det er lov å trekke seg, men går ikkje å melde seg på etter fristen, då er det lurast å vere påmeldt, seier Anders Lunden Herfoss.

Måndag 24. april opna påmeldinga til Landskappleiken på Røros. Etter at påmeldinga hadde vore open i nokre få minutt, meldte den første deltakaren seg på. Det var Anders Lunden Herfoss, busett i Ål i Hallingdal, som meldte seg på i durspel senior. Han var den andre deltakaren som meldte seg på i fjor, men først ute i år. Dei siste åra har vi stilt nokre spørsmål til dei første som melder seg på Landskappleiken for å lodde stemninga blant dei ivrigaste. Vi har derfor spurt Anders Lunden Herfoss fem spørsmål, og det same har vi gjort til Britt Elise Skram frå Vestnes i Romsdal, som var den andre deltakarane som meldte seg på. 

Landskappleiken er blitt ein fast tradisjon
Jøss, Anders, du var rask med å melde deg på! Vi i administrasjonen skulle gjette på kva klassar det vart påmeldt deltakarar i først, men vi vart for seine. Er du alltid så kjapp når du skal melde deg på noko, eller er du ekstra ivrig når det gjeld Landskappleiken?

Eg er nok ganske rask når eg veit eg skal i vegen, og Landskappleiken er blitt ein fast tradisjon. Det er lov å trekke seg, men går ikkje å melde seg på etter fristen, då er det lurast å vere påmeldt synes eg. Dessutan ser eg på dette mest som ei mønstring, så spelelyst og spelform er ikkje avgjerande for min del.

Du gjorde ei oppmoding på Facebook om at fleire durspelarar burde melde seg på Landskappleiken, og det same gjorde du før Landskappleiken i fjor. Korleis har responsen vore på dette?

Durspelklassa har hatt brukeleg deltaking dei siste åra, men eg huskar tilbake til 2010 og 2011 då det berre var 5-6 deltakarar i klassa. Eg synes det er viktig å oppmuntre folk til å stille. Det sit langt inne for mange, medan andre rett og slett gløymer å melde seg på. Eg fekk faktisk tilbakemelding frå eit par i fjor som meldte seg på etter påminning frå meg, det kan no hende dei skulle melde seg uansett, men eg trur nokon må dragast med. Kanskje særleg dei som har vore med ein del før, og gått litt lei.

Det er tidleg endå, men har du begynt å tenkje på kva slåttar du skal spele?

Eg bestemmer meg aldri heilt, men eg har vel ein 6-8 låttar eg ser på som aktuelle og spelar litt ekstra på i tida fram mot kappleiken. Eg prøvar å lære nokre nye låttar kvart år, men det er sjeldan eg vågar ta dei på Landskappleiken, det blir ofte noko eg har spelt ei stund. Så avtaler eg med dei andre utøvarane frå Hallingdal om kva dei skal spela, og prøvar å unngå dei låttane. I fjor bytta eg eine låtten på kappleiksdagen.

Nemn eit særskilt Landskappleikminne som du hugsar godt.

Eg har mange gode minner. Det er vanskeleg å plukke ut eitt. I Seljord var eg ganske ny i miljøet og vart kjent med veldig mange folk. Folk som no er blitt gode vener. I Fagernes fekk eg utruleg mange gode tilbakemeldingar for spelinga. Det gjev inspirasjon.

Kva ser du ekstra fram til før årets Landskappleik?

Ser som vanleg fram til å treffe gamle kjente og nye folk. Tevlinga kjem i andre rekke.

 

Deltok sist på Landskappleiken i 2013 Britt Elise, du har ikkje vore med på Landskappleiken sidan førre gongen den vart arrangert på Røros, nemleg i 2013. Er dette tilfeldig, eller trivst du ekstra godt på kappleiksscena på Røros?

Det at eg ikkje har vore med på Landskappleiken sidan 2013 er ganske tilfeldig. Eg spelar i andre samanhengar også, og mykje av speleoppdrag på festivalar osv. foregår om sommaren – dessverre samtidig som Landskappleiken. Men no følte eg at det var på tide å prioritere rett igjen, og var tidlig ute med å bestille meg overnatting. At det er kappleik på Røros att er berre ein bonus. 

Spelar du mykje? Eg ser du har vore felespelar for Anna Gjendem i  danseforestillinga hennar, blant anna. Vert det mykje speling elles i løpet av året?

Eg spelar mykje for tida, både åleine og saman med andre. Kystfolket er eit av banda eg spelar i, og vi reiser mykje rundt med musikken vår.  Eg spelar også i folkrockgruppa Vangsgutane og i gamaldansgruppa Øresus. Trioen Werner Barth har nettopp starta på ein lang oppsøkjande konsertturne i samband med at vi feirar 15 år i år. Samarbeidet med folkedansar Anna Gjendem har også resultert i fleire spanande prosjekt, som til dømes den interaktive danseforestillinga «Eg visste ikkje du kunne danse».


Foto: Thor Hauknes

Det er tidleg endå, men har du begynt å tenkje på kva slåttar du skal spele på Landskappleiken?

Eg skulle ønske at eg kunne seie at eg hadde plukka ut slåttane allereie, men eg greier ikkje å bestemme meg før det nærmar seg. Eg endrar nok meining fleire gonger før tevlingsdagen er der.

Nemn eit særskilt Landskappleikminne som du hugsar godt. Enten som deltakar eller publikummar.

Det må vere Landskappleiken i Førde i 1995, då eg deltok med Spelemannslaget Dåm og Drag for første gong. Det var stas å få vere med på noko slikt. 

Kva ser du ekstra fram til før årets Landskappleik?

Det blir kjekt å vere på Landskappleiken att! Det å treffe igjen kjentfolk, høyre topp musikk og kjenne på den gode stemninga ser eg fram til. Og det er alltid triveleg på Røros.

Vi ønskjer Anders og Britt Elise lykke til med deltakinga deira, og det same gjeld for alle andre som melder seg på ut over våren! Vi minner også i denne samanhengen om påmeldingsfristen som er tysdag 30. mai.