Frå i dag av kan du melde deg på som deltakar på Landskappleiken i Trysil!

Du melder deg på som deltakar via http://tevling.folkorg.no/

Alle som deltek på Landskappleiken må vere medlem i FolkOrg, og bruke medlemsnummeret sitt for å melde seg på. Medlemsnummeret i FolkOrg finn ein på medlemskortet.

Deltakaravgifter t.o.m. 15. mai
Junior og C-klassingar solo/gruppe/lag: kr. 150 per deltaking per klasse. 

Senior og – A, -B og – D klassingar solo/gruppe/lag: kr. 250 per deltaking per klasse.

Deltakaravgifter 16.mai – t.o.m. absolutt siste påmeldingsfrist 24.mai 
Junior og C-klassingar solo/gruppe/lag: kr. 250 per deltaking per klasse. 
Senior og – A, -B og – D klassingar solo/gruppe/lag: kr. 350 per deltaking per klasse.

Medlemskontingenten for 2018 kjem i posten i løpet av kort tid. Dersom du vil melde seg på no, men manglar medlemsnummeret ditt, kan du ta kontakt med ein av desse:

Ingrid Schei Stuhaug
E-post: ingrid@folkorg.no
Tlf: 900 16 334

Jorun Hagen
E-post: jorun@folkorg.no
Tlf: 958 70 079