Landskappleiken vert i sommar arrangert på Røros frå 5.–9. juli, og frå no av er det mogeleg å melde seg på som deltakar. Påmeldingsfristen er 30. mai.

LANDSKAPPLEIKEN PÅ RØROS, 5.–9. JULI
Påmeldingstida til Landskappleiken er frå 24. april–30. mai. Det vert gradert påmeldingsavgift, slik som dei førre åra.

Deltakaravgift 24. april t.o.m 19. mai
Juniorer solo/gruppe/lag og C-klassingar: 200 kr
Seniorer solo/gruppe/lag og A-, B- og D-klassingar : 300 kr 

Deltakaravgift 20. mai – t.o.m 30. mai
Juniorer solo/gruppe/lag og C-klassingar: 300 kr
Seniorer solo/gruppe/lag og A-, B- og D-klassingar: 400 kr

All tevlingsavgift går til lokal arrangør.

Påmeldinga til Landskappleiken og Landsfestivalen vert via http://tevling.folkorg.no/

Alle som deltek på Landskappleiken må være medlemmer i FolkOrg. Les meir her: http://www.folkorg.no/meld-deg-inn-i-folkorg/

Eller send ein e-post til jorun@folkorg.no så vil ho hjelpe deg.


Krav om medlemsnummer
I fjor vart den nye påmeldingssida for kappleikar og Landsfestivalen tatt i bruk, med krav om medlemsnummer for å registrere seg som brukar og melde seg på. Medlemsnummeret finn ein:

  • Øvst i venstre hjørne på medlemskortet.
  • På Styreweb. Alle medlemslaga i FolkOrg har tilgang til Styreweb der ein finn medlemsnummeret til dei ulike i laget. 

NB! Du treng ikkje å opprette ein eigen Paypal-konto for å betale for påmeldinga di.

Dersom du ikkje har fått medlemskortet ditt, eller har tilgang til Styreweb, kan du kontakte ei av desse damene, så vil dei hjelpe deg:

Jorun Hagen
jorun@folkorg.no
Tlf: 22 00 56 22

eller

Ingrid Schei Stuhaug
ingrid@folkorg.no
Tlf: +47 900 16 334