Landsfestivalen i gammaldansmusikk vert i sommar arrangert i Oppdal 26 – 30. juli. Vi ønsker endå fleire deltakarar og forlenger fristen til 23. juni!

Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Oppdal, 26. – 30. juli.
Det vert gradert påmeldingsavgift for festivalen, slik det har vore dei førre åra, og den endelege påmeldingsfristen er 15.juni.

Påmeldingsavgift 10.mai t.o.m. 03. juni
Junior:
200 kr for fyrste påmelding
0 kr per påmelding vidare

Senior:
300 kr for fyrste påmelding
200 kr per påmelding vidare

Påmeldingsavgift 04.juni t.o.m. absolutt siste frist 23.juni!
Junior
300 kr for fyrste påmelding
100 kr per påmelding vidare

Senior
400 kr for fyrste påmelding
300 per påmelding vidare

All påmeldingsavgift går til lokal arrangør.

Påmeldinga til Landsfestivalen er via http://tevling.folkorg.no/

Alle som deltek på Landsfestivalen i gammaldansmusikk må være medlemmer i FolkOrg. Les meir her: http://www.folkorg.no/meld-deg-inn-i-folkorg/

Eller send ein e-post til jorun@folkorg.no så vil ho hjelpe deg.

 
Krav om medlemsnummer
I fjor vart den nye påmeldingssida for kappleikar og Landsfestivalen tatt i bruk, med krav om medlemsnummer for å registrere seg som brukar og melde seg på. Medlemsnummeret finn ein:

  • Øvst i venstre hjørne på medlemskortet.
  • På Styreweb. Alle medlemslaga i FolkOrg har tilgang til Styreweb der ein finn medlemsnummeret til dei ulike i laget. 

NB! Du treng ikkje å opprette ein eigen Paypal-konto for å betale for påmeldinga di.

Dersom du ikkje har fått medlemskortet ditt, eller har tilgang til Styreweb, kan du kontakte ei av desse damene, så vil dei hjelpe deg:

Jorun Hagen
jorun@folkorg.no
Tlf: 22 00 56 22

eller

Ingrid Schei Stuhaug
ingrid@folkorg.no
Tlf: +47 900 16 334

 

Tevlingsreglementet
Styret i FolkOrg har gjort ei endring i tevlingsreglementet i 2017. Styret har vedteke at tevlingsreglane for open klasse skal vere like for Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk.

Reglane for open klasse på båe arrangementa er følgjande:

  • I open klasse vil ein oppmode til å bruke så vel eldre samspelformer og instrumentsamansetjingar, som nytenking og eksperimentering.
  • I denne klassa treng ein ikkje spele dansebar musikk.
  • Klassa er for både solospel, samspel, vokal og dans.
  • Maks tid pr. startnummer er seks minutt.
  • I open klasse blir minimum dei tre beste, eller om lag ein tredel, rangerte. Dei resterande blir sette opp i alfabetisk rekkjefølgje.

 

Landsmøtet 2017
På Landsmøtet i FolkOrg frå 28.-30. april vart det bestemt at alle klassane på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk skal rangerast fullt ut,  med unntak av pardans på Landsfestivalen i gammaldansmusikk og opne klasse på begge arrangementa. Vidare vart det bestemt at tilbodet om dommarkommentarar til C-klassingane/juniorane ikkje vert vidareført, og at den nye poengskalaen vert ført vidare for alle klassane på begge arrangementa.

 

Meld dykk til dansespel!
Under Landsfestivalen treng vi mange grupper og lag til å spele til dans. Meld dykk til dansespel her – gjerne fleire kveldar!

Tips: Du treng ikkje være medlem i FolkOrg for å spele til dans, men du får rabatt på gjennomgangsbilletten dersom du er medlem.

Dersom du har spørsmål kring dansespel på Landsfestivalen ta kontakt med:

Narve Hårstad
E-post: narve@landsfestivalen.no