Under meisterkonserten på Landskappleiken i Trysil sundag 1. juli vart Elisabeth Kværne utnemnt til nytt heidersmedlem i FolkOrg - organisasjon for folkemusikk og folkedans.

Det er styret i FolkOrg som vedtek om dei skal utnemne heidersmedlem det året og kven som eventuelt skal bli utnemnd etter framlegg frå medlemslag, enkeltmedlemmar, administrasjonen, eller styremedlemmar. Dette er utnemning som skal henge høgt, og det er slett ikkje ei sjølvfølgje at det blir utnemnd heidersmedlemmar kvart år. Men også  i år fekk styret inn mange gode forslag, og det var inga enkel oppgåve å peike ut den eine kandidaten.  Etter ei totalvurdering blei styret samde om at i år var det Elisabeth Kværne som fortente utmerkinga.

Elisabeth Kværne

Elisabeth Kværne er født i 1953 og oppvakse i Skottland, Bærum og i Aurdal i Valdres. Ho har lagt ned ein stor innsats for folkemusikkmiljøet i Valdres på mange ulike område, mellom anna som distriktsmusikar og som kulturskulelærar. Ho er framleis med som instruktør i FolkemusikkUng, eitt av dei pågåande rekrutteringsprosjekta med støtte frå Dextra Musica og FolkOrg. Ho har også førelese både ved Ole Bull Akademiet på Voss og på Norges musikkhøgskole i Oslo. Vidare har Kværne drive med innsamlingsarbeid og arbeidd som folkemusikkarkivar ved Valdres folkemuseum i tillegg til å være gardbrukar heime i Aurdal.

Elisabeth Kværne har også lagt ned ein stor innsats innanfor organisasjonsarbeid og har særleg spelt ei sentral rolle som medlem i Rådet for folkemusikk og folkedans i åra 1990–2004. I ein periode var ho også nestleiar. I tillegg har ho  vore med i ei rekkje komitear og utval, mellom anna i utvalet som laga utgreiinga om dei norske instrumentbyggjartradisjonane (2009). Ho var også ein sentral pådrivar for utgjevingane av Lindeman sine folkemusikknedteikningar, ført i pennen av Øystein Gaukstad.  For tida arbeider ho med eit registrerings- og forskingsprosjekt om langeleiken si historie og utvikling i lag med folkemusikk- og instrumentforskaren Bjørn Aksdal.

Elisabeth Kværne har vore aktiv som plateartist og gav mellom anna i 1985 ut albumet På langeleik, som ho året etter fekk Spelemannprisen for. Som utøvar har ho også formidla historia om musikken og kjeldene ved ei rekkje turnear i regi av Rikskonsertane, åleine og i lag med spelemenn som til dømes Torleiv Bolstad og Hans W. Brimi. I 2005 fekk ho Nord-Aurdal kommune sin kulturpris, og mottok Statens arbeidsstipend for folkekunstnarar i 2006-2007. I 2012 fekk ho RFF-prisen  for ein lang og omfattande innsats på ei rekkje område for den norske folkemusikken og folkedansen, og i særleg grad langeleiken og langeleikspelet.

Det er ei stor glede for FolkOrg å utnemne Elisabeth Kværne til nytt heidersmedlem i 2018!


Elisabeth Kværne – Heidersmedlem i FolkOrg

Elisabeth si takketale under Meisterkonserten

Takk til styret i Folkorg for denne æra.

Ta vare på den vare tona, det er den du treng når musikken er vegen vidare.

Ta vare på den nyttige bånsullen, og er du så heldig å få bruk for den bind den deg saman med folk over heile verda!

Ta vare på dansegleda, ikkje tenk på korleis du dansar, men kvifor du ikkje kan sitja stille når toradaren høgg i med ein fengjande galopp eller du lurer på kvifor dei finaste valsane har dei såraste melodiane.

Ta vare på langeleiken, for om instrumentet er svakt og utsatt i folkemusikkmiljøet, fortel historia at den er seig og viljesterk og har noko å gje til nye generasjonar.

Ta vare på munnharpegjengen, for dei er dei kuulaste folka i klassa!

Ta vare på folkemusikkarkiva, dei er ein viktig del av verdsarven, men nokon må sjå dei, bruke dei og forvalte dei med innsikt!

Ta vare på våre nye landsmenn, og møt dei med musikk. Kan hende var det nett ho som landa her i bygda di som trollbatt landsbyen heime med songen sin!

Ta vare på kvardagsmusikken, for den er det mest av, og den er slitesterk!

Ta vare på kulturlandskapet, for det er ramma rundt tankar og handlingsboren kunnskap som berger oss når teknologien, plast og asfalt ikkje lenger gjev oss det vi treng.

Ta vare på store og små fe, dei er referanse i songarven vår, og berre når du har kvilt deg mot ei varm kyrside, eller leita i dagesvis etter eit lam forstår du kvifor dei gjev innhald til hundrevis av songar, lokkar og melodiar.

Sjå opp for lupinar i naturen og i kulturen, dei er strålande vakre og fargar bygda i blendande koloritt nokre veker i bløminga. Men dei fortrenger mangfaldet i grøftekanten og gjer oss fattigare på lokale arter og opplevingar.

Ta vare på valnemnda i spelemannslaget, dei som tek ti-tals telefonar og lyt høyre alle gode grunnar folk har for ikkje å ta eit tak for fellesskapen.

Ta vare på spelemannen som aldri vart så god som han som støtt vann kappleikar og publikumshjarte. Kan hende treng de ho ein dag også, og kan hende har ho høyrt noko som gjekk andre forbi!

Ta vare på spelemannsenkja! Det var ho som støtta læremeistaren din då han var nær ved å gje opp musikken.

Ikkje lat nokon fortelje dykk at det vi driv med ikkje er verd noko!

For musikken vår er som vadmel, den varmar og held regn og sjøsprøyt ute. Den er din og min, og vi er klare til å dele, til å danse og til å lyde!

Ta rådet frå stordansaren Knut Steinsrud med på vegen; Lev i gleda! Og Tøleiv Bolstad sitt ord er minst like viktig no som i hans tid: Du må ha replikk i låtten!

God sumar til dykk alle, kan hende mø sjåast?

Til då: Ta vare på den vare tona, den med den låge tersen, som set seg fast  og ber deg leve litt meir med hjarte. Og den høge kvarten, som gjev liv i låtten og spenning i kvardagen!

Elisabeth Kværne