Overføring av tradisjonar frå generasjon til generasjon har støtt vore viktig. I Røros folkedanslag fokuserer dei på dette – alder er altså berre eit tal!

Dyktige og entusiastiske lokale dansarar starta opp Røros folkedanslag for over 40 år sidan. Gjennom kulturell forankring, stoltheit og smittande entusiasme har miljøet grodd fram til det det er i dag. Laget framstår i dag som meir livskraftig enn nokon gong, med stadig rekruttering av nye medlemmar. Saman med fleire lokale lag har Røros folkedanslag mange spennande arrangement gjennom kalenderåret.

Røros folkedanslag har stor aktivitet blant folk i alle aldre. Gjennom året er det utallige dagar og kveldar fylte med dans og spel i Røros og omegn, og laget er ein sterk bidragsytar til dette. Kvar måndag er det dansekveldar i Sangerhuset på Røros. 40-50 dansarar frå 12-80 år deltek. Her dansar alle med kvarandre – erfarne med uerfarne og unge med eldre. Ut av denne aktiviteten veks det fram eit dansemiljø som inkluderer 10-15 ungdommar mellom 12 og 16 år.

I tillegg til dette har dei både familiedans og dans i skulen. Familiedansen vert arrangert fire gongar i halvåret. Desse dagane møter det opp 10-15 familiar med born på 3-10 år, som svingar seg til levande musikk spelt av spelemenn frå Brekken, Glåmos, Røros og Ålen. I skulen har dei eit samarbeid etter initiativ frå MOT, der lagsmedlemmar underviser skuleelevar på 8.- og 9. steg. Mange av ungdommane som får møte tradisjonsdansen og –musikken i skulen kjem og på dansekveldane i Sangerhuset.

Røros folkedanslag er med på å arrangere fleire store arrangement gjennom året. Rørosleken, Rørosmartnan og Røros Folk Festival kan nemnast, i tillegg til Folkemusikkscena Røros som er eit samarbeid mellom Brekken spell- og danselag, Glåmos spellmannslag og Røros folkedanslag.

Vi må og nemne Røros UngdomsFolkband – RUF. Dette er eit folkemusikkband med 13 dyktige ungdommar mellom 16 og 22 år. Bandet delte mellom anna scene med Hoven Droven under årets Folk Festival.