I 2017 vart Førdefestivalen kåra til "Årets folkemusikkarrangør". No er det klart for ny nominasjonsrunde. Send inn ditt forslag her. Frist for å sende inn forslag er 3. september.

Nok ein gong skal FolkOrg dele ut prisen til Årets folkemusikkarrangør. Prisen på kr. 10 000 blir delt ut under Folkelarm 8.-11. november. Fristen for å sende inn forslag er 3. september.
Prisen for Årets folkemusikkarrangør har vorte delt ut av FolkOrg sidan 2012, og skal synleggjere godt arrangørarbeid og heidre dei beste arrangørane. Samstundes skal prisen stimulere til dialog, idéutveksling og utvikling på arrangørfeltet.

Årets folkemusikkarrangør vert vald av styret i FolkOrg på bakgrunn av forslag som kjem inn. Dei vel ut tre nominerte til prisen og ein vinnar. Dei nominerte og vinnaren vert marknadsført gjennom folkorg.no, nyhendebrev, sosiale media og pressemeldingar. Det er open nominasjon, og arrangørar kan også melde sitt eige kandidatur (fyll i skjema nedst på sida).

Kriteriet for utdelinga av årets folkemusikkarrangør 2018 er:
FolkOrg vil gi prisen for årets folkemusikkarrangør 2018 til ein arrangør som har vist evne til å skape interesse og entusiasme for dansen og musikken gjennom gode arrangement.

For å foreslå kandidat til Årets folkemusikkarrangør 2018, fyll ut skjemaet nedanfor. Merk at det er ope for alle som ønskjer å sende inn forslag!

Årets folkemusikkarrangør 2018

  • Dette kan vere både festivalar, konsertar, dansefestar, eller liknande.
    Vi treng å behalde kontaktinformasjon til den som kjem med forslag gjennom nominasjonsprosessen. Vi har denne informasjonen lagra i vårt system, vi deler ikkje denne kontaktinformasjonen med nokon. Dersom du ikkje ønskjer at kontaktinformasjon vert lagra så ta kontakt med Øyvind Sandum i FolkOrg.