Søndag 11. november er det Meisterkonsert i Operaen att!

Innhaldsrik folkemusikkhelg i Oslo 8. – 11. november
Andre helga i november er det stor folkemusikkhelg i Oslo med Folkelarm, Oslokappleik og Meisterkonserten i Operaen. Det heile startar med bransjetreffet Folkelarm frå 8. – 10. november og vidare er  Oslokappleiken (arr. Laget for folkemusikk) laurdag 10. november, begge deler på Riksscenen. Folkemusikkhelga vert avslutta med  Meisterkonserten i Operaen søndag 11. november.

Klassevinnarar frå 2017 og 2018 og vinnaren av INTRO-folk
Det er tredje gongen Meisterkonserten i Operaen vert arrangert, og som for tidlegare år er det ulike klassevinnarar frå Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk som vert invitert til å opptre. Det er i all hovudsak klassevinnarar frå årets arrangement i Trysil og Skjåk som vert plukka ut, men også to vinnarar frå Landskappleiken på Røros 2017. Under Folkelarm skal det avgjerast kven som vert vinnar av INTRO-folk 2018, som er ei kåring av årets unge folkemusikar. Vinnaren får også opptre på Meisterkonserten i Operaen.

Billettsalet opnar 28. mai, og billettar kjøper ein via https://operaen.no/

Desse vert invitert til å opptre på Meisterkonserten i Operaen

Landskappleiken 2017

  • Fureprisvinnar 2017, Hans Kjorstad
  • Kongepokalvinnarar i dans hardingfele, Ingebjørg Bratheim Bø og Ola Narverud

Landskappleiken 2018

  • Dans fele kl. A
  • Spel fele kl. A
  • Spel hardingfele kl. A
  • Vokal kl. A
  • Eldre folkemusikkinstrument sr. – munnharpe
  • Dans fele kl. C
  • Lagspel senior
  • Lagdans junior
  • Dans hardingfele kl. D
  • Fureprisvinnaren 2018
  • Open klasse
  • Dans hardingfele kl. A
  • Halling kl. A
  • Halling kl. C

Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2018

  • Samspel sr.
  • Gruppespel
  • Durspel sr.
  • Samspel jr.

 

  • Vinnaren av INTRO-folk 2018