Styret og administrasjonen i FolkOrg inviterer til medlemsmøte i Bergen i forbindelse med haustens fyrste styremøte.

Fredag 29. september 2017 har styret i FolkOrg styremøte i Bergen. I den forbindelse ynskjer vi å invitere medlemmar, lokallag og områdelag i distriktet til eit uformelt møte torsdag 28. september frå 19:00-21:00. Møtet blir i Fensalen (dansesalen) i Bergen Internasjonale kultursenter i Kong Oscarsgate 15.

Under særskilde satsingar for perioden 2017-2019 ynskjer FolkOrg å betre kontakten mellom sentralleddet og medlemmane. Vi vil difor leggje ein del styremøter ut i distrikta for å få moglegheit til å møte flest mogleg av medlemmane våre.

FolkOrg ynskjer å sikre best moglege vilkår for lag, utøvarar, medlemmar, arrangørar og publikum. Vi håpar difor at mange kjem og møter oss denne kvelden. I tillegg til styret og dagleg leiar kjem rådgjevar for lag og arrangørar, Øyvind Sandum, og rådgjevar for Landsfestivalen, Landskappleiken og lokalkappleikar, Ingrid Schei Stuhaug.

På møtet legg vi opp til ein runde rundt bordet der folk får fortelje litt om sitt arbeid. Elles vil det bli moglegheit for å stille spørsmål og knyte kontakter.

FolkOrg ynskjer alle medlemmar velkomne!