Her finn du oversikt over alle medlemsfordelar for lag og enkeltmedlemmer i FolkOrg.

KULTURFORDEL

Norsk Musikkråds nye app, Kulturfordel, er no tilgjengeleg både for iPhone og Android. FolkOrg er ein av medlemsorganisasjonane i Norsk Musikkråd, noko som betyr at du som FolkOrg-medlem òg kan nytta deg av deira fordelar. På appen finn du alle fordelane på ein stad og du kan få rabattert pris på mellom anna øyreproppar, leigebil, hotell og pizza!

For å logge deg inn på Kulturfordel nyttar du brukarnamn og passord som er sendt ut til leiarane i laget. Brukarnamnet og passordet er berre for FolkOrg sine medlemmer. Vi kan derfor ikkje legge det ope på våre eigne nettsider.

Om det er noko du lurer på, send mail eller ring til Øyvind Sandum i FolkOrg. Tlf: 95774037 Mail: oyvind@folkorg.no

Fleire av leverandørane tilbyr det som kallast ”kickback”, eller tilbakeføring av midlar. Dette vil i praksis seie at når du nyttar deg av ein av medlemsfordelane, går ein liten del av overskotet attende til FolkOrg. Vinn-vinn?

 

FORSIKRING

FolkOrg har ei gunstig forsikringsavtale med If Skadeforsikring, der medlemmer kan forsikre instrument og bunadar. Avtalen inkluderer også ei ulykkesforsikring.

Forsikringsavtalen gjeld alle medlemmer som har inngått avtale om forsikring gjennom organisasjonen. Også lag / foreningar tilslutta FolkOrg kan teikne forsikring.

Les meir om forsikringsordninga her

STRØMAVTALE

Svorka Energi tilbyr fordelaktig tilbud på strøm for deg som er medlem av FolkOrg. En strømpris blant de 3 billigste, målt mot 25 av landets største leverandører.

Bestill strømavtale fra Svorka her

ØVINGSHOTELLET

Rabatterte prisar Øvingshotellet i Schouskvartalet i Oslo

FolkOrg sine medlemmar har i 2016 20 % rabatt på leige av solist-rom på øvingshotellet. Rabatten gjeld alle dagar, både dag- og kveldspris. Rabatten gjeld ikkje ved leige av eventuelt tilleggsutstyr.

FolkOrg sine medlemmar har også 15 % rabatt på leige av bandrom. Rabatten gjeld måndag – fredag frå kl. 10.00 -17.00, og laurdag og søndag frå kl. 10.30 og 16.30.

Interesserte medlemmar må sjølv ta kontakt med Øvingshotellet for å bestille rom. Den som leiger rom (kontaktperson) er ansvarleg for rommet i leigetida. For å få rabatt, må leigetakaren vise medlemskortet i FolkOrg. FolkOrg-medlemmar kan vise medlemskort for 2015 fram til dei mottar nytt for 2016.

Øvingshotellet ligg vegg i vegg med Riksscena i Schouskvartalet. Les meir om dei ulike romma her: www.ovingshotellet.no

FIKEN REGNSKAP

Rekneskap og fakturering på nett

Rabattavtale med Fiken regnskap der FolkOrg sine medlemmar får 15 % rabatt på bruk av programmet. Dette er eit online reknekapsprogram som passar godt til musikarar og andre enkeltpersonsføretak eller små selskap.

Oppgje at du er medlem og medlemsnr. når du bestiller.

Les meir på www.fiken.no

NOTEFLIGHT

Online noteprogram

Mange av medlemmene våre bruker kanskje noter en gang i mellom i tillegg til å spille på gehør? FolkOrg har inngått en flerbrukeravtale med Noteflight. Det betyr at så lenge du er medlem i FolkOrg har du gratis adgang til Noteflight på nett.

Les mer om medlemsfordelen «Noteflight» her

RABATT PÅ STRENGER

Ole Bull-akademiet gjev medlemmer i FolkOrg 10% rabatt på kjøp av strenger.

Nordic Strings: Alle medlemmer i FolkOrg får 15% rabatt på alle varer i nettbutikken til Nordic Strings.

 

RABATT PÅ CD-AR m.m

Folkemusikksenteret i Buskerud
Alle medlemmer i FolkOrg får 10% avslag på CD-ar og 16% avslag på anna rekvisita i nettbutikken – www.folkemusikksenteret.no

Etnisk musikklubb
Alle medlemmer i FolkOrg får 10 % rabatt på kjøp av CD-ar. (Gjeld ikkje allereie rabatterte plater) Alle medlemslag får 25 % rabatt ved kjøp av minimum 25 stk av ei utgjeving til premiar o.l. Alle medlemslag får 40% rabatt ved kjøp av fleire plater av ein tittel gjeve ut av Etnisk musikklubb. FolkOrg og medlemslag får 30% rabatt på annonse i medlemsbladet til Etnisk musikklubb «Toner på tvers», og rabatt på innstikk. www.etniskmusikklubb.no

 

RABATT PÅ ARRANGEMENT

Landskappleiken
Årleg samlast omlag 1000 aktive spelemenn, songarar og dansarar i 5 dagar. Vanlegvis arrangeres Landskappleiken i slutten av juni, i 2015 arrangeres Landskappleiken i slutten av juli. Omlag 5000 – 7000 tilreisande kjem til Landskappleiken.

Arrangementet er ambulerande og flyttar kvart år til ein ny arrangementsstad. Som medlem i FolkOrg får du rabatt på billettane, og mogleghet til å delta på kappleiken. www.landskappleiken.no

Landsfestivalen i gammaldansmusikk
Noregs største festival for gammaldansmusikk. Vanlegvis arrangeres Landsfestivalen i midten av juli, i 2015 arrangeres Landsfestivalen i begynnelsen av august.

Arrangementet er ambulerande og flyttar kvart år til ein ny arrangementsstad. Som medlem i FolkOrg får du rabatt på billettane og mogleghet til å delta på tevlingane. www.landsfestivalen.no

Folkelarm
Folkelarm er ein festival og eit bransjetreff som vert arrangert kvar haust. Som medlem i FolkOrg får du rabatt på billettane. www.folkelarm.no

 

RABATT PÅ ABONNEMENT

FolkOrg eig bladet Folkemusikk, eit frittståande tidsskrift for heile folkemusikk-Noreg. Medlemslag får 25% rabatt på annonsar i tidsskriftet og på nettsida folkemusikk.no. Medlemmer i FolkOrg får årsabonnement for kr. 340,- (normal pris 410,-) – www.folkemusikk.no

KUN FOR LAGA I FOLKORG

TONO-AVTALE

FolkOrg har ei avtale med Tono om framføring av tradisjonsmusikk. Tono-avgifta blir betalt av FolkOrg ein gong i året, og medlemslag i FolkOrg treng difor ikkje betale TONO-avgift for arrangementa sine.

> Les meir om avtala her

TILGANG TIL TILSKOTSORDNINGAR

Frifond:
Etter nærare definerte kriterier kan lokallag i FolkOrg få tildelt Frifond-midlar. > Les meir

Stønad til rekruttering:
FolkOrg delar kvart år ut pengar til rekrutteringsarbeid og andre viktige tiltak for folkemusikken. Pengane kjem frå drifta av FolkOrg. > Les meir her

Momskompensasjon:
Lokal- og områdelag som er medlem i FolkOrg søkjer momskompensasjon gjennom FolkOrg. > Les meir her

Vaksenopplæringsmidlar: 
FolkOrg er tilslutta Musikkens studieforbund. Alle medlemslag kan søkje om vaksenopplæringsmidlar der. > Les meir her