Live Visdal er folkedansar frå Vågå, med hjarte for lokallagsarbeid og rekruttering av born og unge. Ho har hatt engasjement i FolkOrg sidan 2022, fyrst med Landsfestivalen og Landskappleiken som hovudområder, og etterkvart som prosjektmedarbeider knytt til blant anna jubileumsåret 2023. Frå 1. mai tek Visdal over stafettpinnen etter Solfrid Nestegard Gjeldokk, og ansvarsområdene hennar vil fyrst og fremst vera barn og unge, arrangørar og DEXTRA-prosjekt.

Live er ein dyktig og kunnskapsrik folkedansar, har lang erfaring som instruktør og som aktiv medlem i folkemusikk- og folkedansmiljøet. Ho har brei erfaring frå kulturfeltet, og har tidlegare vore lærar i dans i kulturskule og på vidaregåande skule.

 

Live Visdal ilag med dansepartnar Ola Grøsland. Foto: Thomas Westling