Både Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2019 har vore utlyst tidlegare, men søknadane let vente på seg. Arrangementa for 2019 vert lyst ut med ny SØKNADSFRIST 15. SEPTEMBER.

Innhald i søknaden
I søknaden bør søkjaren ha med informasjon om laget/laga som står bak, og bakgrunnen for søknaden. Det skal også gjerast greie for overnattingskapasitet, tevlingsarenaer med øvingsrom, samt bemannings- og dugnadskapasitet.

Søknader som dokumenterer at kommune og næringsliv stiller seg bak søknaden, og at dei blir aktive, gode støttespelarar økonomisk og/eller på anna vis, vert prioriterte.

Dersom enkeltpersonar tykkjer at laget sitt skal vurdere å søkje, må dei ta dette opp direkte med styret i laget. Det er viktig at det blir sett i gong prosessar internt i laga der spørsmålet om å ta på seg arrangøroppgåver vert drøfta.

I søknaden må det leggast ved ein styrevedtak i søkjarlaget/søkjarlaga om søknaden, med underskrift av styreleiaren.

På styremøte 3/2016 vart det bestemt følgjande av styret i FolkOrg:
Landskappleiken skal normalt arrangerast i veke 25 og Landsfestivalen i veke 31. Det skal mykje til før styret i FolkOrg gjer unntak frå det, då det er uheldig med kollisjonar med andre folkemusikkarrangement.

Landskappleiken vert normalt arrangert i veka etter skuleslutt, og for 2019 vil dette vere i veke 26.

 

ARRANGERE LANDSKAPPLEIKEN ELLER LANDSFESTIVALEN 2019?

Interesserte kan på førehand ta kontakt med FolkOrg sentralt for meir informasjon.

Søknadsfristen for Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2019: 15.september 2017.

Søknad kan sendast på e-post til ingrid@folkorg.no eller i posten til:
FolkOrg v/ Ingrid Schei Stuhaug
Postboks 4613, Sofienberg
0506 OSLO