Det vert arrangert instrumentutstilling på Landskappleiken kvart andre år, og i sommar er det utstilling att på Landskappleiken i Trysil.

Instrumentutstillinga omfattar hardingfele, vanleg fele, langeleik, eldre folkemusikkinstrument som tre- og beinfløyter, lur, bukkehorn og munnharpe. Det er berre hardingfeler og vanleg feler som skal dømmast, men langeleik kan òg dømmast dersom det er ønskje om det.

Påmelding
Deltakarane på instrumentutstillinga må vere medlem av FolkOrg for å delta. Det er same påmeldingstid og same vilkår for gradert påmeldingsavgift som for andre deltakarar på kappleiken. Påmeldinga til Landskappleiken opnar 24.april, og det er mogeleg å melde seg på t.o.m 24.mai. Frå 24.april kan ein melde seg på via: http://tevling.folkorg.no/login/

Årets utstilling
Utstillinga vert i år sentralt plassert ved sidan av stemnekontoret på Trysil Vidaregåande skule. Instrumenta som skal dømmast må vere levert på stemnekontoret onsdag 27.juni innan kl. 12:00. Instrumenta må ikkje vere eldre enn 2 år, og dei må ikkje ha vore med på utstillingar tidlegare.

Dømminga av instrumenta skjer onsdag og torsdag, og er berre open for dommarane. Instrumentutstillinga vert fredag og laurdag kl. 12:00 – 18:00 og er open for alle. Vel møtt på utstillinga i løpet av desse dagane!

Kontaktperson for utstillinga er Sigrid Stubsveen, e-post: sigrid@landskappleiken.no