- Gjøvik Spelmannslag har gjennom bygging av instrument, ved å driva opplæring i bruken av dei, og ved å nytta instrumenta i laget og i konsertsamanheng, aktualisert dei og gjort instrumenta meir kjende. Aktiviteten er særeigen og har skapt merksemd både lokalt og nasjonalt, heiter det i grunngjevinga. Prisen vart delt ut under FolkOrg sitt landsmøte i Oslo laurdag.

«Årets lokallag» er ein pris som vert delt ut av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. I år går prisen til eit lag som har arbeidd særskilt med formidling av norsk folkemusikk og folkedans. Prisen er på 10 000 kroner.

Prisen går i år til Gjøvik Spelmannslag og især deira arbeid med synleggjering av eldre folkemusikkinstrument.

Gamle instrument får nytt liv

Gjøvik Spelmannslag har sidan oppstarten i 1977 registrert gamle instrument frå bygdene rundt Gjøvik – m.a. ein langeleik frå 1524, visstnok Europas eldste!
Laget er særs allsidig, med eiga fele-, langeleik-, torader- og byggegruppe. Eldre instrumenttyper som norske harper, lyre, strykelyre, sekkepipe og diverse fløyter blir presentert og allsidig bruk av «instrumentparken», ofte på sjølvbygde instrument, blir eit av dei spanande resultata av desse aktivitetane.

Laget har og gjort eit grundig og godt arbeid med å samla tradisjonsmusikk frå området, og seinare presentera det innsamla stoffet.

– Gjøvik spelmannslag har gjennom si satsing på og bruk av eldre folkemusikkinstrument, utvikla og gjort kjend byggekunsten av desse og tilført mange nye brukarar, seier styreleiar i FolkOrg Per Øyvind Tveiten.

– Den allsidige bruken av og opplæring i instrumenta, synleggjort gjennom presentasjon av innsamla stoff, har skapt lokal interesse og nasjonal merksemd. Dette gjer at Gjøvik spelmannslag på framifrå vis fyller kriteriet for «årets lokallag 2015».

Dei andre nominerte var Naustedalen Spelemannslag og Verdal Juniorspellmannslag.

Her kan du lese presentasjonen av Gjøvik Spelmannslag, som vart publisert på FolkOrg sine nettsider i forkant av utdelinga.