I 2017 vert både Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk arrangert i Sør-Trøndelag.

Landskappleiken 2017 på Røros 5.-9.juli

Landskappleiken 2017 vart lyst ut to gonger i løpet av hausten 2015, utan at det resulterte i søkjarar. FolkOrg tok kontakt med ulike lag om å ta på seg arrangementet, og eit at desse var Røros Folkedanslag. I byrjinga av april sendte Røros Folkedanslag ein søknad om å arrangere Landskappleiken 2017, og vart tildelt arrangementet.

– For gjennomføring av dei store og viktige arrangementa Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk, er modellen at interesserte lokallag søkjer om arrangementet og gjennomfører det etter avtale med FolkOrg. Søknadstilgangen varierer svært. Nokre år er det fleire, andre år få eller ingen søkjarar. I siste tilfellet må FolkOrg drive «aktiv marknadsføring» for å finna arrangørar. Det har alltid lukkast, ulempa er naturleg nok at arrangøren får mindre tid til planlegging og etablering av kappleiksorganisasjonen. Ei anna ulempe er at kollisjonar med andre arrangement lettare oppstår, seier leiar i FolkOrg, Per Øyvind Tveiten.

 

Landskappleiken same helga som Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Arrangørlaget hadde planlagt å gjennomføre Landskappleiken i veke 26, som er den veka då Landskappleiken vanlegvis vert avvikla. Etter kvart viste det seg at det er planlagt eit internasjonalt arrangement på Røros denne helga, som førte til få overnattingsmoglegheiter. Dette arrangementet let seg dessverre ikkje flytte, og Røros Folkedanslag måtte finne nye datoar for Landskappleiken. Berre ei anna helg peika seg ut som aktuell å avvikla kappleiken i løpet av sommaren, frå 5.-9.juli. Dette er veke 27, den faste veka som Førdefestivalen vert arrangert, noko det har vore sidan festivalen vart arrangert for fyrste gong i 1990. Det vart undersøkt fleire ulike alternativ for å unngå kollisjon mellom desse arrangementa, men det var ikkje nokre rokkeringar som var aktuelle.

Ståle Lund var leiar for Landskappleiken i 2013, og han går på att som ny leiar for 2017 også:

– Tidspunktet for kappleiken i 2017 blir 5. – 9. juli. Dette er en uke senere enn opprinnelig planlagt på grunn av arrangementskollisjon på Røros. Men vi er godt i gang, og mener vi skal få det til selv om det ikke er en helt ideell løsning!, seier hovudnemndsleiar Ståle Lund.

Styreleiar, Per Øyvind Tveiten, er glad for at ein så erfaren arrangør tek på seg arrangementet att:

– 2017 er blitt eit slikt år, at særleg for Landskappleiken var det tungt å få nokon å ta på seg arrangementet. Vi er difor svært glade for at Røros Folkedanslag, som ein røynd tilskipar i førsteklasses omgjevnader, har teke på seg Landskappleiken 2017! Dette blir bra, det er vi trygge på, og gler oss allereie til Landskappleiken på Røros. Diverre viste det seg at det i vanleg veke kolliderte med anna arrangement på Røros, og Landskappleiken 2017 er difor flytt til veke 27. Det inneber kollisjon med eit anna hovudarrangement innanfor folkemusikken – Førdefestivalen. Det er særs uheldig for både Landskappleiken og for Førdefestivalen, men det har ikkje vore mogeleg å finna anna løysing, seier Tveiten.

– Det er klart uheldig at dei to største folkemusikkarrangementa i Noreg vert liggande i same tidsrom i 2017, seier direktør for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum. – FolkOrg er jo også ein av stiftarane av Førdefestivalen. Festivalen bookar om lag 120 norske artistar kvart år.

– Førdefestivalen vert alltid arrangert i veke 27, og vi er godt inne i planlegginga av 2017-festivalen. Vi har langsiktige avtalar, så det er umogleg for oss å flytte til anna tidsrom, fortel ho. – Publikumsmessig når Førdefestivalen langt utover kjernepublikummet for den norske folkemusikken, men vi ynskjer sjølvsagt ikkje at musikarar og publikum blir stilt i ein vanskeleg valsituasjon. – Vi må berre ønskje kvarandre lukke til og vone at FolkOrg legg retningsliner slik at liknande uheldige kollisjonar vert unngått i framtida, seier Bjørkum.

Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2017 i Oppdal 26.-30.juli.

Tidlegare i vinter vart Oppdal Spell- og Dansarlag tildelt Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2017. Det viste seg også for arrangørlaget i Oppdal å vere vanskeleg å arrangere Landsfestivalen i veke 31, slik som det opphavleg var tenkt. Dette på grunn av det årlege sykkelrittet ”Sykkelenern”, som vert arrangert denne helga. Arrangøren hadde som alternativ å avvikla Landsfestivalen helga før, som er den helga Jørn Hilme-stemnet vert arrangert.

– Vi er svært nøgde med at Oppdal har tatt på seg å arrangere Landsfestivalen att. Dei har erfaring frå før i slike arrangement, så dette skal bli festdagar på Oppdal! Stemnekollisjonar oppsto diverre også her, og Landsfestivalen 2017 blir difor i veke 30. For å unngå kollisjon med Jørn Hilme-stemnet, har dei difor flytt til veka etter. Vi er takksame for at Jørn Hilme- stemnet fann det mogeleg å flytta dato, slik at ein uheldig kollisjon vart unngått.

Det vil for FolkOrg vera nødvendig å ta ein gjennomgang og debatt saman med laga om kvifor søknadstilgangen er så ujamn, og kva som kan gjerast for å betra det. Det kjem vi attende til, men gode arrangørar og forventingar om strålande dagar er på plass for 2017!, avsluttar styreleiar Per Øyvind Tveiten.

– Det er alltid utfordrande med tidspunktsendringar og kanskje særleg for eit arrangement som har vore på same tidspunkt i 56 år, seier dagleg leiar i Valdres folkemusikkarrangement, Ellen Persvold. Men i Valdres er det slik at Trollrock dei siste åra diverre har lagt seg på same tid som Jørn Hilme-stemnet, noko som er utfordrande på fleire måtar. Me arbeider difor med alternative datoar for Jørn Hilme-stemnet og ser at denne kollisjonen med Landsfestivalen i 2017 er ein mulegheit for å prøve denne augustveka som eit alternativ for Hilme-stemnet framover. Det er likevel rett og seia at me helst vil ha Hilme-stemnet på same dato som no eller tidlegare på sumaren, seier Ellen.

 

Dette vert datoane for sommarens arrangement 2017:

Veke 27, 5.-9.juli: Landskappleiken på Røros / Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.

Veke 30, 26.-30.juli: Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Oppdal.

Veke 31, 31.juli- 6.august: Jørn Hilme-stemnet, Fagernes

Søknadsfristen for Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2019 vert lyst ut i løpet av august/september med frist før jul 2016. Styret i FolkOrg vil vurdere om det skal vere eit krav om at søkjarane kan avvikle Landskappleiken i veke 26, og Landsfestivalen i gammaldansmusikk i veke 31.