Det er spesielt som arrangør av Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk at Vågå spel- og dansarlag har vore ein betydeleg kulturell aktør i lokalmiljøet sitt. I tillegg står laget som arrangør av Folkemusikktreffen siste helga i januar kvart år. Gjennom desse arrangementa bidreg Vågå spel- og dansarlag med stor aktivitet blant både lokale lag og organisasjonar, og genererer betydelege inntekter til handels- og næringsdrivande i kommunen. Dette er kulturbasert næringsutvikling på høgt nivå, noko som bidreg til at ein liten distriktskommune aukar sin attraktivitet som besøksstad, og som i neste omgang kan bidra til fleire arbeidsplassar.

I Vågå spel- og dansarlag har arbeidet med rekruttering av barn og unge lenge vore høgt prioritert, og overskot frå arrangementa dei seinare åra har i stor grad vorte brukt til rekrutteringsarbeid. Laget tilbyr aktivitetar som kan bidra til å vekkje dei unge si interesse for folkemusikk og folkedans, både spel, song og dans. Dei har eit juniorspelemannslag med 11 aktive utøvarar, og hausten2015 starta dei ei rekruttgruppe for nye og ferske felespelarar med tilbod om gratis leige av instrument. Interessa var stor, og i dag tel gruppa heile 18 rekruttar mellom 7 og 16 år. ”Viser og vers” er ei vokalgruppe som starta i 2014 med om lag 10 songarar mellom 5 og 12 år, og i tillegg til juniordansarar i spel- og dansarlaget har dei ei hallinggruppe med 5-6 aktive dansarar som møtest kvar veke.

Laget har i mange år hatt eit samarbeid med Den Kulturelle Skulesekken der alle elevar på 5. steg i Vågå-skulen blir kursa i folkedans av profesjonelle instruktørar. Gjennom fleire vintrar har ungdommane møtst til dans med instruksjon og servering av pizza i pausen. Dette er eit populært tiltak som gjennomsnittleg trekkjer 30-40 ungdommar.

Vågå spel- og dansarlag samarbeider tett med kulturskulen og har dei seinare åra bidrege både med økonomi og ressurspersonar til prosjektet FolkRekrutt. På Landskappleiken i 2016 deltok spel- og dansarlaget på den store Vågåkvelden, ”Ikkje ver blug, kyss meg”, i regi av Kultivator AS, eit prosjekt som vert vidareført med CD-innspeling og framsyning i Oslo våren 2017. Laget har og bidrege på CD-innspeling med Brazz Brothers, og laget hadde nyleg konsert saman med jazzbandet Bech/Skeidsvoll frå Molde. På denne måten gjer Vågå spel- og dansarlag ein innsats for at folkemusikktradisjonane skal nå ut til eit større publikum.

Vi gratulerer Vågå spel- og dansarlag som årets lokallag i FolkOrg i 2017!

Vågå spel- og dansarlag

  • Stifta 24. april 1952.
  • Første formann var Petter Eide.
  • Vart delt i to lag i 1961, Vågåmo spelmannslag og Lalm spelmannslag, grunna lange avstandar. Vart på ny samanslege i 1979.
  • I 1990 slo Vågå spelmannslag og Vågå danselag seg saman til eitt storlag, Vågå spel- og dansarlag.
  • Arrangør av Landskappleiken i 1964, 1996, 2002 og i 2016.
  • Arrangør av Landsfestivalen i gammaldansmusikk i 1991, 2007 og i 2012.
  • Arrangør av Distriktskappleiken i 1955 (dette var før nemninga distriktskappleik var teke i bruk.) 1962, 1967, 1978 og i 1983.
  • Arrangerer Folkemusikktreffen siste helga i januar kvart år.


De nominerte til Årets lokallag i 2017 var: 
Spelemannslaget Fjelljom
Voss spelemannslag
Vågå spel- og dansarlag